Vil hjelpe kommunar å oppnå kjønnsbalanse i kommunestyra.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 17.04.2013
Kommunalminister Liv Signe Navarsete og barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen fekk tysdag besøk av fem ordførarar frå kommunar med under 30 prosent kvinner i kommunestyra. Dei diskuterte korleis kommunane best kan møte utfordringar knytt til å oppnå jamnare kjønnsbalanse i kommunestyra.
Kommunalminister Liv Signe Navarsete og barne- og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen fekk tysdag besøk av fem ordførarar frå kommunar med under 30 prosent kvinner i kommunestyra. Dei diskuterte korleis kommunane best kan møte utfordringar knytt til å oppnå jamnare kjønnsbalanse i kommunestyra.
- Etter førre kommunestyreval fekk 72 kommunar under 30 prosent kvinner i kommunestyra. Det er for dårleg, og det vil vi gjere noko med, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa vil invitere alle dei 72 kommunane til å delta i prosjektet Lokalvaldagen. Lokalvaldagen vil bli gjennomført i god tid før dei neste nominasjonsprosessane startar opp lokalt.
- Det er meir enn hundre år sidan kvinner fekk stemmerett, og rett til å erobre kommunale verv på lik linje med menn. Likevel er kjønnssamansetjinga i norske kommunestyre skeiv. Ved hjelp av Lokalvaldagen håper me å gjere eit historisk byks når det gjeld kvinnedelen i kommunestyra etter neste lokalval, seier Navarsete.
Kommunane får tilbod om ein gjennomgang av kjønnsbalansen i dei lokalpolitiske organa sine. Dei får også besøk av ein forskar, som innleiar om kor viktig nominasjonsprosessane, stemmetillegg og topplassane på listene er for å oppnå kjønnsbalanse.
Kommunane får i tillegg besøk av ein lokalpolitikar frå ein utstillingsvindaugekommune som hadde svært få kvinner i kommunestyret då prosjektet starta, men som greidde å oppnå kjønnsbalanse i løpet av berre ei valperiode. Lokalpolitikarane vil dele sine erfaringar om korleis dei greidde å få ein jamnare kjønnssamansetjing.