Historisk arkiv

Fleire unge skal få startlån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 08.12.05

Startlånet er eit viktig verkemiddel for å hjelpe ungdom og vanskelegstilte til å få eigen bustad, viser ei ny undersøking. Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga vil derfor gi lånet til fleire unge.

Pressemelding

Nr.: 278/2005
Dato: 08.12.2005

Fleire unge skal få startlån

Startlånet er eit viktig verkemiddel for å hjelpe ungdom og vanskelegstilte til å få eigen bustad, viser ei ny undersøking. Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga vil derfor gi lånet til fleire unge.

- Eg er godt nøgd med at startlånet er så mykje nytta og at kommunane gir Husbanken god attest for jobben med lånet. Men regjeringa ønskjer ei auka satsing på Husbanken og at alle unge skal kunne søkje om startlån. Eg vil derfor vurdere tiltak for å auke forbruket av lånet, seier Åslaug Haga.

Undersøkinga viser at det enno er 69 kommunar som ikkje nyttar høvet til å gi innbyggjarane dette lånetilbodet. Samstundes fører fleire kommunar ein restriktiv praksis ved tildeling av lån. Det er kommunane som med midler frå Husbanken tildeler startlån til bustadkjøparar.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga oppmodar no dei kommunane som ikkje har gitt bustadsøkjarar tilbod om startlån, om å gjere dette. Ho ber òg alle kommunar om å vurdere å gi startlån til fleire.

I 2004 fekk opp mot 7000 innbyggjarar utbetalt startlån for nær 3 milliardar kroner. Dei fleste mottakarane var under 40 år, viser undersøkinga, som ECON har utført for Husbanken.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.