Historisk arkiv

Noreg skriv under europeisk charter for kvalitetsprodukt frå fjellregionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 7.12.2005

Statssekretær Inge Bartnes deltar ved underskrivinga av eit europeisk charter for kvalitetsprodukt frå fjellregionar i Brüssel i dag.

Pressemelding

Nr.: 277/2005
Dato: 07.12.2005

Noreg skriv under europeisk charter for kvalitetsprodukt frå fjellregionar

Statssekretær Inge Bartnes deltar ved underskrivinga av eit europeisk charter for kvalitetsprodukt frå fjellregionar i Brüssel i dag. Charteret er utarbeida av Euromontana, ein organisasjon som fremjar utvikling i fjellregionar i Europa.

Ved å underskrive charteret går Noreg saman med andre europeiske land og organisasjonar om ei målsetting om å fremje berekraftig utvikling i fjellregionar basert på vekstkraftig økonomisk aktivitet.

- Dette kan styrke det viktige arbeidet med bygging av merkevarer for dei spesialitetane som blir produsert i norske fjellregionar i dag, seier statssekretær Inge Bartnes. – Gjennom Euromontana sitt initiativ kan og norske produsentar få tilgang til eit europeisk nettverk for å utvikle erfaringer og kunnskap, fortset Bartnes.

Vestlandsforskning deltok i perioden 2002 til 2004 i eit europeisk samarbeidsprosjekt for å utgreie og kartlegge landbruksprodukt frå fjellregionar. I tillegg utarbeida prosjektet eit utkast til charteret som no skal underteiknast. Charteret uttrykkjer mellom anna ei felles målsetting om å fremje berekraftig utvikling i fjellregionar basert på kvalitetsprodukt. På sikt er det eit mål å få på plass ein felles europeisk merkeordning for fjellprodukt.

- Vi produserer ei rekke kvalitetsprodukt i Noreg, seier statssekretær Bartnes. - Vi har og offentlege merkeordningar som skal garantera kvaliteten for forbrukaren. Ein framtidig europeisk merkeordning for fjellprodukt vil ikkje konkurrera med norske merkeordningar. Dette er eit initiativ som no kan styrke arbeidet med merkevarebygging for norske kvalitetsprodukt gjennom å tilby eit tilleggsmerke som kan bli gjenkjend i heile Europa. Det er viktig for ein framtidsretta landbruks- og distriktspolitikk, avsluttar statssekretæren.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.