Historisk arkiv

Rapport om forvaltning av inntekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 5.12.2005

På oppdrag fra Kommunal- og regionaldepartementet har Agenda utgreidd ulike kommunars praksis av forvaltning av inntekta til bebuarar. Erfaringane er utgangspunktet for tilrådinger om korleis ein kan nytte dette virkemiddelet i arbeidet med å redusere omfanget av bustadsløyse.

Pressemelding

Nr.: 276/2005
Dato: 05.12.2005

Rapport om forvaltning av inntekt

På oppdrag fra Kommunal- og regionaldepartementethar Agendautgreiddulikekommunarspraksis av forvalting av inntekta til bebuarar.Erfaringanetilkommunaneer utgangspunktet fortilrådingeromkorleis einkan organisere og nytte dette virkemiddelet i arbeidet med å redusere omfanget avbustadsløyse.

Dei seks kommunane Rygge, Sandefjord, Lørenskog, Øvre Eiker, Fjell og Trondheim er intervjua og får presentert sitt opplegg i rapporten. Brukarorganisasjoner og ei tverrdepartemental referansegruppe har kome med tilrådingar undervegs.

Forvaltning av inntekt er og bør som regel vere eit frivillig tiltak. Nytta på ein god måte kan tiltaket bidra til at flere kan verte buande i bustadene sine.

- Eg har merka meg at fleire av dei seks kommunane som er intervjua seier at tiltaket er populært blant brukarar med eit disponeringsproblem. Enkelte kommuner har difor ventelister. Det viser at for ein del vil det vere naudsynt å overlate til det offentlege å disponera inntekta slik at denne dekker naudsynte utgifter til livsopphold som mat og buutgifter, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Arbeidet med rapporten har kome i stand i samband med gjennomføring av regjeringas strategi for å førebyggja og avskaffe bustadløyse. Strategien sett konkrete resultatmål om å redusera antallet krav om utkastingar og faktiske utkastingar. Mange av dei som får krav om utkasting har fått slike krav tidlegare. I ein gjennomgang av krava frå 1996 til 2004 i Oslo ser ein at halvparten av hushalda har fått eitt eller fleire krav om utkasting tidlegare. Nærare 10 prosent har fått meir enn fem krav. Forvaltning kan difor vere eit tiltak som hjelpeapparatet kan tilby.

- Samstundes vil vi vera forsiktige. Det bør vera ei målsetjing for tenestene å arbeide for at den enkelte skal bli mest mogeleg sjølvhjelpen. Forvaltning er eitt av fleire tiltak som bør sjåast i ein heilskapleg samanheng, seier statsråden.

Åslaug Haga vil gjennomgå rapporten for å vurdere korleis innspela kan fylgjast opp. Regjeringa skal neste år foreta ein heilskaplig gjennomgang av rutinar og kostnader i samband med husleigebetaling, utkastingar og tvangssal.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.