Historisk arkiv

Betre kommunale tenester i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 06.10.2006

Regjeringa styrker kommuneøkonomien slik at forholda ligg til rette for fleire barnehageplassar, betre skule og fleire tilsette i eldreomsorga. Kommunesektoren får i 2006 og 2007 auka inntekter på 14 milliardar kroner. Av dette er 3 milliardar kroner ekstra skatteinngang i 2006.

Pressemelding

Nr.: 79/2006
Dato: 06.10.2006

Betre kommunale tenester i heile landet

Regjeringa styrker kommuneøkonomien slik at forholda ligg til rette for fleire barnehageplassar, betre skule og fleire tilsette i eldreomsorga. Kommunesektoren får i 2006 og 2007 auka inntekter på 14 milliardar kroner. Av dette er 3 milliardar kroner ekstra skatteinngang i 2006.

- Eg er stolt over å kunne bidra til eit slikt kjempeløft for kommunesektoren. Vi lova i Soria Moria-erklæringa å satsa på kommunane. Dette viser at me held løfta våre, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Regjeringa legg opp til ein realvekst i dei samla inntektene i kommunesektoren på
5,4 milliardar kroner i 2007. Dette er i overkant av kva regjeringa lova i kommuneproposisjonen våren 2006. Av veksten er vel 2,4 milliardar kroner frie inntekter.

Inntektsveksten til kommunane bidreg til at målet om 10 000 nye årsverk i den kommunale omsorgstenesta innan utgangen av 2009 er innan rekkjevidde.

Regjeringa legg dessutan opp til 13 500 nye ordinære barnehageplassar i 2007. I tillegg blir det gitt midlar til etablering av faste plassar i midlertidige lokale.

Frå hausten 2007 blir det innført gratis læremiddel i vidaregåande opplæring. I første omgang blir dette innført for trinn 2. Rammetilskotet til fylkeskommunane er auka med 287 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til veksten i frie inntekter.

Regjeringa held fram opptrappinga av midlar til psykisk helsearbeid. Det øyremerkte tilskotet til kommunane er styrka med 350 millionar kroner, og utgjer i 2007 vel
2,9 milliardar kroner.

I Regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom blir det føreslått ein auke på 5 prosent i dei rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp ut over ordinær prisjustering. Det er lagt til grunn at dei auka utgiftene til kommunane blir dekte innan veksten i frie inntekter.