Historisk arkiv

Distriktsbedrifter kan få auka støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 09.10.06

Høvet som Innovasjon Noreg har for å støtte enkeltbedrifter direkte, blir endra frå 1. januar 2007.

Pressemelding

Nr.: 86/2006
Dato: 09.10.2006

Distriktsbedrifter kan få auka støtte

Høvet som Innovasjon Noreg har for å støtte enkeltbedrifter direkte, blir endra frå 1. januar 2007.

Det blir ny soneinndeling for det distriktspolitiske virkeområdet frå 1. januar 2007. Kommunal- og regionalministeren legg opp til ei forenkling av sonestrukturen.

Det nye virkeområdet inneheld to soner for direkte bedriftsretta støtte. Sona med høgast støtteintensitet blir utvida. Dette inneber at fleire bedrifter kjem innanfor området med høgast støtteintensitet.

- Det er viktig at den nye soneinndelinga og bruken av dei distriktspolitiske verkemidla legg til rette for ei lønsam næringsutvikling i distrikta, seier statssekretær Inge Bartnes i Kommunal- og regionaldepartementet.

Endringane inneber ei utviding av det distriktspolitiske virkeområdet , særleg det området der ein kan gje direkte bedriftsretta støtte. Dei tidligare sonene A og B i det distriktspolitiske virkeområdet er slått saman til ei sone, ny sone IV. Åtte kommunar i tidlegare sone C er foreslått lagt til ny sone IV. Desse er Ringebu, Nore og Uvdal, Sauda, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Jondal og Ulvik. Årsaka til at desse kommunane blir flytte frå tidlegare sone C til sona med høgaste støttesats, er at desse kommunane treng eit auka handlingsrom for å styrke næringslivet. Utviklinga i desse områda har vore negativ, spesielt med omsyn til folketalsutvikling.

Dei andre kommunane i tidligare sone C og 24 nye kommunar blir plasserte i ny sone III. I spesielle tilfelle kan ein bruke støttesatsane i sone IV også i sone III. Den gamle D-sona for støtte til fysisk tilrettelegging blir vidareført i ny sone II, og her kjem sju nye kommunar inn. Desse er Nord-Odal, Froland, Birkenes, Bokn, Sveio, Radøy og Austrheim.

Hovudtrekka i EU sitt regionalstøtteregelverk er at det opnar for meir støtte til små bedrifter (færre enn 50 ansatte), og noko mindre støtte til store bedrifter (250 ansatte eller fleire).

Mange distriktsbedrifter kan frå og med neste år få meir støtte til investeringar og andre utviklingsprosjekt. Det er Innovasjon Noreg som vurderer støtte til einskilde prosjekt som elles ikkje ville blitt realiserte.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.