Historisk arkiv

ESA godtar eit utvida norsk virkeområde for direkte bedriftsretta regionalstøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 19.07.2006

I dag godkjende EFTAs overvakingsorgan, ESA, Noregs forslag til nytt virkeområde for direkte bedriftsretta regionalstøtte. Frå 2007 utvidar Noreg virkeområdet med 24 nye kommunar.

Pressemelding

Nr.: 67/2006
Dato: 19.07.2006

ESA godtar eit utvida norsk virkeområde for direkte bedriftsretta regionalstøtte

I dag godkjende EFTAs overvakingsorgan, ESA, Noregs forslag til nytt virkeområde for direkte bedriftsretta regionalstøtte. Frå 2007 utvidar Noreg virkeområdet med 24 nye kommunar.

Noreg får som det einaste landet i EØS utvida sitt virkeområde for direkte bedriftsretta støtte innanfor dei nye regionalstøttereglane i EU/EØS. Det nye virkeområdet omfattar 27,5 prosent av Noregs befolkning. Det er ei auke på om lag 3 prosentpoeng.

- Det er eit særs godt resultat for Noreg, seier statssekretær Inge Bartnes. - Med dette aukar handlingsrommet til å føre ein distriktspolitikk som aktivt kan møte dei utfordringane næringslivet i distrikta vil oppleve i åra framover, seier han.

Det nye virkeområdet gjeld for perioden 1. januar 2007 til 31. desember 2013.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.