Forsking og innovasjon utløyser regional vekstkraft
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 06.02.06
Pressemelding | Dato: 06.02.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Kommunal- og regionaldepartementet bevilger Noregs forskingsråd 38 millionar kroner for å utvikle lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for å auke omfanget av lønnsame etableringar.
Pressemelding
Nr.: 08/2006
Dato: 06.02.2006
Forsking og innovasjon utløyser regional vekstkraft
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) bevilger Noregs forskingsråd 38 millionar kroner for å utvikle lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for å auke omfanget av lønnsame etableringar.
- Regjeringa vi gjennomføre eit distriktspolitisk løft. Målet for distriktspolitikken er å legge til rette for likeverdige levekår og auka verdiskaping i heile landet. På denne måten har folk reell fridom til å bu der dei vil, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
KRD gir Noregs forskingsråd 12,5 millionar kroner i 2006 for å stimulere til nyskaping gjennom FORNY-programmet(Forskingsbasert nyskaping). FORNY skal stimulere og foredle forskings- og utviklingsbaserte idear frå universitet, høgskolar og forskingsinstitutt fram til bedriftsetablering eller lisensiering. KRD opprettheld finansieringa til FORNY på eit solid nivå. KRDs midlar er med på å sikre ei brei deltaking frå høgskolar i heile landet, samt ressursar til arbeide med å få realisert kommersialiseringane.
Gjennom Mobilisering for FoU-relatert (Forsknings- og utdanningsmidler)innovasjon (MOBI-programmet) får Forskingsrådet 19 millionar kroner i 2006. Satsinga skal stimulera til læring, regionale innovasjonsprosessar og verdiskaping i bedrifter med liten FOU-erfaring, gjennom eit tettare samspel mellom høgskular, forskingsmiljø og bedrifter,
KRD ønskjer vidare å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskarar for å bidra til meir verdiskaping i næringslivet. KRD gir derfor 5 millionar kroner til VS 2010 – programmet (Verdiskaping 2010).
Dei resterande midlane vil bli nytta til relevant kunnskapsutvikling.
Midlane frå KRD skal tilpassas regionale utfordringar og i hovudsak nyttast innafor det distriktspolitiske verkeområdet.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.