Forsterkar innsatsen mot bustadløyse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 06.10.06
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Eit av Regjeringa sine hovudmål er å avskaffe bustadløyse. Regjeringa vil forsterke innsatsen med strategien "På veg til egen bustad". Tiltak for å nå målet blir prioritert i låne- og tilskotsverksemda til Husbanken i 2007.
Pressemelding
Nr.: 81/2006
Dato: 06.10.2006
Forsterkar innsatsen mot bustadløyse
Eit av Regjeringa sine hovudmål er å avskaffe bustadløyse. Regjeringa vil forsterke innsatsen med strategien "På veg til egen bolig". Tiltak for å nå målet blir prioritert i låne- og tilskotsverksemda til Husbanken i 2007.
- Det finst enno utfordringar med å nå måla, så vi må intensivere arbeidet med å avskaffe bustadløyse, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Regjeringa ønskjer at bustadlause skal bli tilbydd varige bustader framfor mellombelse tiltak som eksempelvis hospits.
- Eit viktig verkemiddel i dette arbeidet er bustadtilskotet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 11,2 millionar kroner i 2007 som gir ei tilsegnsramme på 614,7 millionar kroner for 2007, seier statsråd Haga.
Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til kompetansetilskotet med 15,2 millionar kroner, slik at den totale tilsegnsramma blir på 81,0 millionar kroner i 2007. Kompetansetilskotet skal blant anna gå til tiltak for å utvikle kommunale strategiar og lokale bustadsosiale handlingsplanar for etablering av bustad. Tilskotet skal stimulere til samarbeid mellom ulike sektorar og nivå for å redusere ulikskapar i levekår.
Kommunane er dei viktigaste gjennomførarane av strategien. Det har vore ein svak oppgang i omfanget av bustadlause, noko som inneber at det må leggast eit større trykk på arbeidet lokalt. Regjeringa og KS er difor einige om å inngå ein ny samarbeidsavtale om bustadløyse hausten 2006.
- Strategien På veg til egen bolig
- Husbanken www.husbanken.no