Hjarte for heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 16.06.06
Pressemelding | Dato: 16.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 54/2006
Dato: 16.06.06
Hjarte for heile landet
Regjeringas nye stortingsmelding ”Hjarte for heile landet” varslar ein ny kurs i distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga inneber eit betydeleg løft for distrikta.
- Det handlar om å gi alle valfridom til å busetje seg der dei ønskjer det. Distriktsløftet er ein felles ambisjon for heile regjeringa, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
Meldinga inneheld innsats og tiltak innanfor ei rekkje politikkområde, og er ei konkretisering av Soria Moria-erklæringa. Ein sterk kommuneøkonomi, gjeninnføring av differensiert arbeidsgivaravgift og auka innsats på samferdsel og infrastruktur er blant de viktigaste sakene. Meldinga omfattar ei rekkje tema, som næringsutvikling, utdanning og forsking, bioenergi, kultur, helse og velferd, bustader, stadutvikling, lokalisering av statlege verksemder og arealbruk.
- Tru, optimisme og pågangsmot er heilt nødvendig for å skape levande og livskraftige lokalsamfunn og bygder også i framtida, seier statsråd Haga.
Regjeringa varslar i meldinga at det skal setjast i gang ei særskild og fleirårig satsing på småsamfunn. Regjeringa legg opp til å løyve til meir enn 100 millionar kroner til dette viktige formålet i stortingsperioden. Delar av dette er vidareføring av innsatsen for butikkar i utkantområde. Satsinga skal styrkje lokale initiativ i utsette område med nedgang i folketalet, stor avstand til senter og med ein sårbar næringsstruktur. Som ein del av satsinga på småsamfunn vil regjeringa starte opp arbeidet med å etablere eit kompetansesenter for distriktsutvikling.
Meldinga varslar ei fleirårig satsing på kulturbasert næringsutvikling. Den skal leggje til rette for verdiskaping i kulturnæringane gjennom å stimulere til etablering av arbeidsplassar. For 2006 er det sett av midlar til oppstart av pilotprosjekt og ulike programsatsingar gjennom Innovasjon Noreg, SIVA (Selskapet for Industrivekst) og Forskningsrådet. Regjeringa arbeider og med ein handlingsplan for kultur og næring som er planlagd lagd fram til hausten.
Utdannings- og forskingsmiljøa skal utviklast og styrkast. Regjeringa vil vurdere korleis studietilbod og studenttilgang kan bli betre spreidd enn i dag. I tillegg skal det sjåast nærmare på korleis finansieringssystemet kan fremme desentralisert høgare utdanning.
Stortingsmeldinga skal vere ein arbeidsplan for regjeringa for heile den inneverande stortingsperioden. Regjeringa har sett ned eit eige regjeringsutval for distrikts- og regionalpolitikken. Dette har inga regjering gjort tidlegare. Utvalet har eit spesielt ansvar for å sikre at regjeringa følgjer opp ambisjonane i distrikts- og regionalpolitikken framover.
- Tiltaka som blir presenterte i meldinga, er kvar for seg viktige, men når dei blir sett i samanheng, vil dei forsterke kvarandre. Det er det som kan kallast samordning, og som gjer at vi verkeleg kan få ein ny og meir offensiv distrikts- og regionalpolitikk, seier Haga.
Lenker:
- Hjarte for heile landet, kortversjon av meldinga (PDF)
- Hjarte for heile landet, heile meldinga
- Eksempelsamling (PDF)
- Temapressemeldingar
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon. 22 24 25 00.