Historisk arkiv

Høvet til interkommunalt samarbeid blir utvida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 30.06.06

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som gir betre høve til å etablere interkommunalt samarbeid. Det blir gjort framlegg om ein lovregulert samarbeidsmodell for lovpålagde oppgåver i samband med tenesteyting til innbyggjarene og offentleg myndigheitsutøving.

Pressemelding

Nr.: 62/2006
Dato: 30.06.06

Høvet til interkommunalt samarbeid blir utvida

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som gir betre høve til å etablere interkommunalt samarbeid. Det blir gjort framlegg om ein lovregulert samarbeidsmodell for lovpålagde oppgåver i samband med tenesteyting til innbyggjarene og offentleg myndigheitsutøving.

- Dette vil mellom anna gi eit betre grunnlag for å etablere sterke og bærekraftige fagmiljø på viktige delar av ansvarsområdet til kommunane, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Ein har sakna lovregulerte samarbeidsmodellar for dei sentrale oppgåvene kommunane har i samband med offentleg myndigheitsutøving.

Lovforslaget (Ot. prp. nr. 95 (2005-2006) inneber eit tilbod til kommunane om samarbeid i ein vertskommunemodell. Vertskommunemodellen dreier seg om den situasjonen at ein kommune overlet bestemte oppgåver og avgjerdsmakt som er knytt til oppgåva, til ein annan kommune – vertskommunen. Det er tale om eit frivillig avtalebasert samarbeid mellom to eller fleire kommunar.

Omsynet til folkevald innverknad er ivaretatt ved eit krav om å etablere ei felles folkevald nemnd viss det er tale om å delegere avgjerdsmakt i viktige og prinsipielle saker.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

www.krd.dep.no

Ot.prp.nr. 095 (2005-2006)