Låneverksemda til Husbanken skal vidareførast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 06.10.06
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Regjeringa føreslår ei vidareføring av låneramma til Husbanken på 13,0 milliardar kroner i 2007.
Pressemelding
Nr.: 83/2006
Dato: 06.10.2006
Låneverksemda til Husbanken skal vidareførast
Regjeringa føreslår ei vidareføring av låneramma til
Husbanken på
13,0 milliardar kroner i 2007.
- Låneramma er godt tilpassa
bustadmarknaden, og gir gode føresetnadar for auka bruk av startlån
til unge og vanskelegstilte, seier kommunal- og regionalminister
Åslaug Haga.
Innafor låneramma prioriterer Husbanken:
- Startlån til unge og vanskelegstilte
- Grunnlån for å fremme universell utforming og miljø
- Barnehagelån
Regjeringa foreslår også å avvikle
dei øyremerkte lånemidla til sjukeheimsplassar, eldrebustader og
rehabiliteringsheim i utlandet. Frå ordninga blei innført i 2003 er
det berre gitt ei tilsegn om lån og det er ingen etterspurnad no.
Lånemidla i 2006 var på
0,5 milliard kroner.
Husbanken kan frå hausten 2006 gi eit tilbod om 10-års fastrente. Dette gjer at lånetakarar som er særleg utsette for renterisiko kan velje mellom flytande rente og lån med fastrente med 3-, 5- og 10-års binding. Husstandane vil med dette få høve til å velje og i større grad få tilpassa låneprodukt etter si betalingsevne, seier kommunal og regionalminister Åslaug Haga.