Nye reglar om statleg tilsyn med kommunane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 30.06.06
Pressemelding | Dato: 30.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Departementet har i statsråd 30. juni lagt fram ein proposisjon for Stortinget med framlegg til felles reglar for statleg tilsyn med kommunesektoren. - Reglane vil sikre eit meir samordna og målretta tilsyn, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
Pressemelding
Nr.: 63/2006
Dato: 30.06.06
Nye reglar om statleg tilsyn med kommunane
Kommunal- og regionaldepartementet har i statsråd 30. juni lagt fram ein proposisjon for Stortinget med framlegg til felles reglar for statleg tilsyn med kommunesektoren.
- Reglane vil sikre eit meir samordna og målretta tilsyn, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
Felles reglar i kommunelova om tilsyn skal gjere lovverket enklare i bruk og reglane skal gjerast tydeligare på kor langt tilsynet kan overprøve kommunane og fylkeskommunane. Lokalpolitikarane sin handlefridom skal gjerast meir synleg.
Departementet føreslår også ein regel om at tilsynet vert avgrensa til å gjelde kontroll med om kommunen og fylkeskommunen oppfyller plikter som er pålagt dei gjennom lov. Tilsynet blir dermed underlagt dei same avgrensingane som domstolane med omsyn til å overprøve det frie skjønet til kommunen eller fylkeskommunen.
Tilsynet skal bli meir målretta og effektivt ved at val av område som krev statleg tilsyn, må byggje på risiko- og sårbarheitsanalysar, og val av tilsyn som verkemiddel må i tillegg kunne forsvarast gjennom kost-nytteanalysar.
Fylkesmannen skal få ein lovfesta rolle som samordnar av tilsyn retta mot kommunane. Praktiske sider og bruken av tilsyna sine reaksjonar skal samordnast for å legge til rette for vurdering og diskusjon om dei pålegg som blir gitt av tilsyna. Det er eit mål å unngå at tilsyn på ein sektor gjev utilsikta konsekvensar på andre sektorar.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00