Historisk arkiv

Regjeringa gjennomfører distriktsløftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 06.10.06

Statsbudsjettet vidarefører distriktsløftet som regjeringa har lova i Soria Moria-erklæringa og konkretisert i St.meld. nr 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet.

Pressemelding

Nr.: 80/2006
Dato: 06.10.2006

Regjeringa gjennomfører distriktsløftet

Statsbudsjettet vidarefører distriktsløftet som regjeringa har lova i Soria Moria-erklæringa og konkretisert i St.meld. nr 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet.

- I statsbudsjettet for 2007 satsar vi på brei front for å fremme ei positiv utvikling i distriktsområda og for å ta heile landet i bruk. Målet til Regjeringa er at alle skal ha valfridom til å busetje seg der dei ynskjer, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

- Eg vil særleg framheve styrkinga av kommuneøkonomien, satsinga på samferdsel og gjeninnføringa av differensiert arbeidsgivaravgift. Samtidig aukar dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane også i 2007 med 153,5 millionar kroner. Alle fylka får ein auke i midlar og Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å styrke satsingar med ein tydeleg distrikts- og småsamfunnsprofil, seier statsråd Haga.

Styrkt kommuneøkonomi i 2006 og 2007

Regjeringa har lagd stor vekt på å styrke den lokale velferda gjennom realvekst i inntektene til kommunesektoren. I 2006 og 2007 er realveksten i dei samla inntektene til kommunesektoren på til saman over 11 milliardar kroner. Kommunesektoren får i 2006 og 2007 økte inntekter på 14 milliardar kroner. Av dette er 3 milliardar ekstra skatteinngang i 2006.

Gjeninnføring av den differensierte arbeidsgivaravgifta frå 2007

Den nye ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift vil omfatte heile 90 prosent av avgiftsfordelen i ordninga før omlegginga i 2004. Dei områda som ikkje får gjeninnført ordninga slik den var før 2004, vil bli kompensert. Den differensierte arbeidsgivaravgifta og alternative verkemiddel til dei som ikkje fullt ut får gjeninnført ordninga utgjer den tyngste målretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen, med nesten 10 milliardar kroner i 2007.

Krafttak for betre samferdsel

Regjeringa tilrår ei løyving til Statens vegvesen på 14,8 milliardar kroner i 2007 som er ein auke på om lag 1,2 milliardar kroner eller 8,7 prosent frå saldert budsjett i 2006. Innanfor denne ramma prioriterer Regjeringa vedlikehald av veg med ein auke på 25 prosent, og ein auke i midlar til rassikring med over 20 prosent.

Aktivt bidrag til utbreiing av breiband

Midlane til satsingar på breiband gjennom HØYKOM blir vidareførte på eit høgt nivå i 2007 med 121 millionar kroner. I 2006 var innsatsen på 119 millionar kroner, etter at budsjettet blei styrkt med 50 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett våren 2006. Dette er eit viktig bidrag i arbeidet med å sikre dekning av breiband til alle delar av landet.

Auka satsing på regional utvikling

Regjeringa foreslår ein auke på 153,5 millionar kroner eller om lag 10 prosent i dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidlane over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. For 2007 vil dei til saman utgjere 1,6 milliardar kroner. Da er midlar til kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift halde utanfor.

Auken gir grunnlag for å styrke dei desentraliserte utviklingsmidlane til fylkeskom­munane med 100 millionar kroner til samla 1,2 milliardar kroner. Desse midlane blir nytta til m.a. investeringstilskot, bedriftsutviklingstilskot og etablerarstipend, og til tilrettelegging for næringsliv og befolkning gjennom til dømes næringshagar og stadsutvikling. Midlane blir fordelte frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane som igjen fordelar midlar vidare til Innovasjon Noreg, kommunar med kommunale næringsfond og ulike utviklingsprosjekt i regi av lokale og regionale utviklingsaktørar. Løyvinga dekker også statlege midlar for at fylkeskommunane kan delta i europeisk territorielt samarbeid. Frå 2007 vert det oppretta eit nytt grenseregionalt program for Skagerrak-Kattegat der åtte fylkes­kom­munar deltar, med 20 millionar kroner i statleg bidrag årleg.

I tillegg gir auken auke på 153,5 millionar kroner grunnlag for styrking av fleire spesielle satsingar under Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Dobling av innsats for småsamfunn og dei mest utsette områda, med ein samla innsats på 50 millionar kroner i 2007. Satsinga skal m.a. stimulere til lokale og regionale utviklingsprosjekt, med fokus på attraktive stader, næringsutvikling og styrking av det lokale teneste- og velferdstilbodet. Departementet vil også førebu etableringa av eit kompetansesenter for distriktsutvikling med sikte på oppstart frå 1. januar 2008.
  • Styrking av innsats for kulturbasert næringsutvikling frå 8 millionar kroner i 2006 til 15 millionar kroner i 2007. Departementet legg opp til at den auka innsatsen på kultur og næring skal bli sett i samanheng med småsamfunnssatsinga og at fylkeskommunane skal bli involverte i konkretiseringa av tiltak.
  • Fleire næringshagar og industriinkubatorar. Det nye næringshageprogrammet i regi av SIVA vil bli styrkt utover tidlegare planar til samla 25,5 millionar kroner i 2007. Auken gjer det mogleg å etablere 5 til 10 fleire næringshagar utover dei 10 nye næringshagane som er planlagt oppretta i 2006 og 2007. Departementet vil også gi midlar til at det kan bli etablert fire nye industriinkubatorar i 2007.
  • Styrke satsingar på kvinner og entreprenørskap med 6 millionar kroner i 2007 (frå 10 millionar kroner i 2006 til 16 millionar kroner i 2007), i regi av SIVA, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet. Midlane skal auke talet på kvinner i eksisterande satsingar i regi av desse aktørane.
  • Satsinga på Norwegian Centres of Expertise (NCE) blir styrkt med 10 millionar kroner i 2007 til samla 30 millionar kroner. Midlane skal bli nytta til etablering av fleire NCEar, og for å styrke aktuelle miljø sitt kandidatur for NCE. Målet med NCE er å støtte regionalt forankra næringsmiljø med store potensial for vidare vekst gjennom tettare samarbeid og nettverk, som eit viktig bidrag til å gjere regionar i alle delar av landet internasjonalt konkurransedyktige.
  • Auka innsats for samarbeid om innovasjon og Forsking og utvikling (FoU) regionalt gjennom program under Forskingsrådet. Innsatsen blir styrkt med 4 millionar kroner i 2007 til samla 28 millionar kroner.

Vedlegg

Hovuddelen av midlane går til fylke der alle kommunane ligg innanfor det distrikts­politiske virkeområdet. Frå 2007 blir fleire kommunar omfatta av dette virkeområdet, slik at fleire bedrifter og lokalmiljø kan nyte godt av ordningane. Nedgangen i tildelinga til nokre av fylka skuldast utfasing av spesiell omstillingstilskot. Ein liten del av midlane blir også nytta utanfor virkeområdet for å medverke til å utnytte potensiala for innovasjon og nyskaping i desse områda. Desse fylka har fått noko auke i tideldinga for 2007 for at dei skal ha eit betre grunnlag for å drive regionalt utviklingsarbeid.

EUs territorielle samarbeid (tidlegare Interreg) går inn i ein ny programperiode frå 2007-2013. Det statlege bidraget til dette arbeidet er no synleggjort gjennom ei lik fordeling på alle fylka som deltek i dei ulike programma.

Fordelinga mellom fylka av forslaget til løyving i 2007 samanlikna med 2006 framgår av tabellen nedanfor. Fylkesfordelinga av statlege midlar til grenseregionalt samarbeid i 2007 er presentert i ein eigen kolonne:

Fylke

Totalt
2006
utan Interreg

Totalt 2007
utan Interreg

Statlege midlar 2007 til Interreg

Østfold

7,00

9,28

8,45

Akershus

5,64

8,00

8,44

Oslo

5,64

8,00

2,50

Hedmark

62,15

58,00

5,94

Oppland

55,02

57,11

Buskerud

20,01

22,26

2,50

Vestfold

5,64

8,00

2,50

Telemark

43,11

46,34

2,50

Aust-Agder

17,87

25,00

2,50

Vest-Agder

16,39

21,44

2,50

Rogaland

22,37

23,33

Hordaland

50,56

61,35

Sogn og Fjordane

71,41

70,41

Møre og Romsdal

86,55

100,19

Sør-Trøndelag

64,09

65,97

5,94

Nord-Trøndelag

84,34

88,97

5,94

Nordland

205,44

212,44

8,76

Troms

125,57

140,42

5,33

Finnmark

102,38

111,36

5,33

Totalt

1051,18

1137,87

69,13