Regjeringa satsar på Groruddalen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 06.10.06
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 30.10.2006
Regjeringa foreslår å løyve 43 millionar kroner på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett til satsing i Groruddalen i Oslo i 2007.
Pressemelding
Nr.: 82/2006
Dato: 06.10.2006
Regjeringa satsar på Groruddalen
Regjeringa foreslår å løyve 43 millionar kroner på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett til satsing i Groruddalen i Oslo i 2007.
- Enkelte område i dei største byane våre har særlege miljømessige og sosiale utfordringar. Regjeringa ønskjer å bidra til å betre buforholda og levekåra i desse områda, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
Den nye tilskotsordninga for bustad-, by- og stadutvikling skal vere med på å styrke stadidentiteten i disse områda og heve deira omdømme gjennom tiltak å betre bustadmiljøet.
- I statsbudsjettet for 2007 ønskjer Regjeringa at satsinga skal være retta mot Groruddalen, seier statsråd Åslaug Haga.
Oslo kommune og staten ved Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har blitt einige om eit omfattande samarbeid for å nå måla om betre miljøforhold og levekår i Groruddalen. Medverking og profilering vil være viktig i dette arbeidet.
Husbanken skal forvalte ordninga og vil ha ei sentral rolle i gjennomføringa med Oslo kommune. Husbanken skal også kunne bruke sine ordinære verkemiddel i satsinga.