Statsbudsjettet 2008
500 millionar kroner meir til ressurskrevjande tenester
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 149/2007 | Dato: 05.10.2007
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2008 å styrkja av tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester med om lag 500 millionar kroner. – Ei føreseieleg ordning er no på plass, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2008 å styrkja av tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester med om lag 500 millionar kroner. – Ei føreseieleg ordning er no på plass, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Eg er svært nøgd med at ordninga no vert føreseieleg for kommunane og enklare å forstå både for kommunane og tenestemottakarane. Det beste er likevel at ordninga også vert tilført 500 nye millionar kroner, seier statsråden.
I statsbudsjettet for 2008 føreslår regjeringa å dekka 85 prosent av kommunane sine utgifter utover 800 000 kroner per tenestemottakar. I budsjettet for 2007 er den tilsvarande kompensasjonsgraden 70 prosent.
- Når ordninga no vert forbetra både med pengar og innhald, vil det ikkje minst gleda tenestemottakarane og deira pårørande. Kommunane kan no i større grad enn tidlegare leggja til rette for eit tilpassa tilbod. Tenestemottakaren slepp no å vera på jakt etter kommunar som kan gje eit godt tilbod, slik vi har høyrt om i media dei siste åra, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Modellen vert også enklare ved at staten kompenserer ein fast del av kommunane sine utgifter utover innslagspunktet. I dag varierer denne delen. Det vert enklare for kommunane å budsjettera med kva utgifter dei vil få dekka frå staten.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.