Historisk arkiv

Åslaug Haga støttar utvikling av opplevingstilbod i Numedal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Åslaug Haga løyver 1 million kroner til eit kulturbasert opplevings- og aktivitetstilbod ved Sevletunet i Nore og Uvdal kommune i Buskerud.

Åslaug Haga løyver 1 million kroner til eit kulturbasert opplevings- og aktivitetstilbod ved Sevletunet i Nore og Uvdal kommune i Buskerud.

Å utvikle eit høgkvalitets opplevings- og aktivitetstilbod knytt til den dramatiske gards- og områdehistoria ved Sevletunet i Vassbotten i Nore og Uvdal er hovudmålet for eit prosjekt som no får støtte frå den nasjonale småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet. Småsamfunnssatsingen ble lansert i stortingsmelding nr. 21 (2005-2006) ”Hjarte for heile landet. Om distrikts- og regionalpolitikken”.

Sevletunet er ein av dei eldste slektsgardane i Numedal med eit særprega og godt bevart historisk bygningsmasse. Det er gjort funn frå yngre mellomalder på garden. Ola Olsen Sevle (f. 1808), med tilnamnet ”Sevleguten”, vart avretta ved halshogging i 1834. Han skal vere blant dei fem siste som vart idømt dødsstraff i Noreg.

Sevletunet er i dag tilrettelagt for overnattings- og serveringsverksemd og ønskjer å utvikle næring basert på opplevings- og aktivitetstilbod knytt til lokal kulturhistorie og lokale kulturminne. Biletutstillingar, leikeaktivitetar, rollespel, forteljarkveldar og forteljarteater er blant ideane til utvikling av eit kulturbasert opplevings- og aktivitetstilbod ved Sevletunet.

- For å få til utvikling på små stader med avstand til større sentra, er det blant anna viktig å utnytte verdiar som finst i historisk materiale. Ved Sevletunet finn vi både den typen eldsjeler som trengst for å skape utvikling på små stader og spennande historie som eignar seg for å skape opplevingar, næring, identitet og viktig historiemidling, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.