Statsbudsjettet 2008
Eit distriktspolitisk løft
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 150/2007 | Dato: 05.10.2007
- Vi held fram med distriktsløftet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. I statsbudsjettet for 2008 føreslår regjeringa å auka dei særskilde løyvingane til distrikts- og regionalpolitikken med 115 millionar kroner.
- Vi held fram med distriktsløftet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. I statsbudsjettet for 2008 føreslår regjeringa å auka dei særskilde løyvingane til distrikts- og regionalpolitikken med 115 millionar kroner.
Viktige prioriteringar i neste års statsbudsjett er å betra vilkåra for små vekstføretak, program for kvinner og næringsutvikling, attraktive stader og etablering av eit eige Distriktssenter.
40 millionar kroner går til ei ny støtteordning retta mot små, nyetablerte vekstbedrifter innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.
- Dette vil gje desse bedriftene eit stort løft, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Den nye stønadsordninga skal medverka til at fleire vekstetablerarar i distrikta kan realisera ideen sin, og at deira evne til gjennomføring og overleving aukar.
Ordninga skal rettast inn mot eit fåtal bedrifter der mangel på kapital hindrar vidare utvikling av verksemda.
- Dette vil vera ei ordning som er god for dei føretaka som etablerer seg langt frå kapitalmarknaden og dermed kan oppleve mangel på risikovilleg kapital. Mange kvinner slit med å skaffa nok eigenkapital til verksemdene sine. Her kan dei få hjelp, seier Kleppa.
Kvinner er viktige bidragsytarar både til auka verdiskaping og for å halda på busetnaden i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa, og vil løyva heile 16,5 millionar kroner til ei forsterka satsing på kvinner og næringsutvikling i 2008.
Kommunal- og regionaldepartementet vil leggja til rette for at Innovasjon Noreg kan utvikla mentorordningar for unge etablerarar.
Det er sett av 10 millionar kroner til utvikling av attraktive stader, mellom anna til tettstadprogrammet BLEST (Bulyst og engasjement på små stader og tettstader) i samarbeid med Husbanken.
I 2008 vil regjeringa etablera eit Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) med kontor i Alstadhaug, Steinkjer og Sogndal. Regjeringa set av 16 millionar kroner til etableringa av senteret i 2008.
I tillegg føreslår Regjeringa 10 millionar kroner for å styrkja innovasjonsevna i Nord-Noreg. Desse midlane skal sjåast i samanheng med dei store midlane til regional utvikling som vert overførte til fylkeskommunane i denne landsdelen. Midlane skal særleg verta nytta til å styrkja verdiskapinga innanfor reiseliv og olje- og gassnæringa.
Det vert òg lagt opp til styrkt innsats for fleire utviklings- og pilotprosjekt i småsamfunn og for kultur og næring, og til etablering av fleire Norwegian Centres of Expertise og industriinkubatorar i 2008.
Den raudgrøne regjeringa har styrkt dei regionalpolitiske verkemidla med heile 366 millionar kroner frå 2005 til 2008.
- Eg er særs glad for å presentera eit budsjett som løfter distrikta på brei front, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Orientering om forslag til statsbudsjett for 2008 - Programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk - Førebels rammer (pdf)
- Fordelinga mellom fylka (pdf)
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.