Historisk arkiv

Forsvarskommunar får 19,5 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa løyver 19,5 millionar kroner til kommunar der Forsvaret innskrenkar eller legg ned.

Regjeringa løyver 19,5 millionar kroner til kommunar der Forsvaret innskrenkar eller legg ned.

Moderniseringa av Forsvaret gjer at enkelte kommunar mistar arbeidsplassar. Kommunal- og regionaldepartementet har i samråd med Forsvarsdepartementet fordelt 19,5 millionar kroner. Fylkeskommunane fordeler løyvingane.

- Sjølv om kommunane i mindre grad blir råka av moderniseringstiltaka denne gongen, blir verknadene likevel store for økonomi og sysselsetjing i enkelte kommunar. Derfor er det nødvendig med ekstra midlar, seier statssekretær Inge Bartnes i kommunal- og regionaldepartementet.

- Med nye midlar kan fylkeskommunen, i samråd med dei kommunane som blir råka, setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier Bartnes.

For 2007 har departementet fordelt 19,5 millionar kroner slik:

FYLKE

TILDELING
(1000. KR.)

Hedmark

3 500

Buskerud

4 500

Sogn og Fjordane

3 000

Nordland

5 500

Troms

1 000

Finnmark

2 000

SUM

19 500

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.