Historisk arkiv

Haga stør årets Vågåseminar med 300.000 kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Det fjerde Vågåseminaret vert arrangert 27.-29. august. Vågåseminaret er ein viktig arena for læring og erfaringsformidling for små kommunar og lokalsamfunn i distrikta.

- Vågå kommune har gjennom mange år hatt eit sterkt fokus på aktivt utviklingsarbeid, og har gode resultat å syne til. Det er viktig at andre kommunar, og alle distriktsinteresserte eldsjeler, kan ha ein fast møtestad, slik Vågåseminaret har utvikla seg til å verte, seier statsråd Åslaug Haga.

Hovudtema for seminaret er kulturbasert næringsutvikling. Det vert veksla mellom tunge, faglege innlegg, og synleggjering av einskildpersonar og tiltak som har lykkast. Me har ein visjon om at seminaret skal gje glød, pågangsmot og engasjement - eller sagt med eit ord: Inspirasjon, uttaler arrangørane.

Kommunal- og regionaldepartementet vurderer Vågåseminaret som ein del av den nasjonale nettverksbygginga og kompetansestrategien overfor små lokalsamfunn, og har difor støtta arrangementet gjennom fleire år.

- Å arrangere eit slikt seminar er eit stort løft for ein liten kommune. Eg vil difor vere med og stø opp slik at årets seminar vert like spennande, utfordrande og lærerikt som tidlegare seminar har vore, seier kommunal- og regionalminister Haga som har gjeve Vågåseminaret 300 000 kroner i 2007.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.