Møte om energikrav til bygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 167/2007 | Dato: 03.12.2007
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa møtte i dag Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF), Erichsen & Horgen og Norske Arkitekters Landsforbund. Bakgrunnen for møtet er Meltveit Kleppas engasjement i miljø-, energi- og klimadebatten, samt ein fagstrid kring dei nye energikrava til bygg som kom tidlegare i år.

Eit av måla med dei nye energikrava er å redusera energibruken i bygg. – Vi er einige om dette målet, seier Meltveit Kleppa, som bad Statens bygningstekniske etat (BE) følgje opp saka vidare.
RIF har uttrykt skepsis til modellane dei nye energikrava er bygde på og korleis krava vil verka i praksis.
- Eg ønskte å få vita meir om grunnlaget for RIF sin skepsis til dei nye krava. Difor invitererte eg til eit møte hos meg her i dag, seier Meltveit Kleppa. - Det er viktig at alle som arbeider i byggjenæringa dreg i same retning. Derfor ønskte eg også å ha Norske Arkitekters Landsforbund med på møtet.
Statens bygningstekniske etat skal no arbeida vidare saman med fagmiljøa for å finna dei beste modellane og reknemåtane for energikrav.
- Eg har full tiltru til at fagmiljøa i Noreg klarar å bli einige om å bruka standardiserte utrekningsmetodar, seier statsråden.
- Om fagleg diskusjon og erfaringar viser at dei nye energikrava ikkje får den effekten vi ønskjer, vil vi sjølvsagt sjå på krava og førebu endringar. Vi er heile tida opne for gode innspel. Dette kan vera aktuelt allereie i arbeidet som følgjer av ny plan- og bygningslov, seier statsråden.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.