14,5 millionar kroner til full breibandsdekning i Finnmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 27/2008 | Dato: 15.03.2008
Regjeringa gir 14,5 millionar kroner til Finnmark fylkeskommune for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg.
Regjeringa gir 14,5 millionar kroner til Finnmark fylkeskommune for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg.
- Regjeringa sitt mål er at folk skal kunne busette seg der dei sjølv ynskjer. Skal vi nå det målet, må folk ha lik tilgang til breiband. Utbygging av breiband er ein viktig del av distriktsløftet. Regjeringa har satsa på å stimulere til utbygging, særleg i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Eit estimat seier at 99 prosent av folket vil ha tilgang når planane for 07 er iverksette. No skal vi ha tak i den siste prosenten!
Pengane er såkalla restmidlar i samband med endra utrekningskriterier for differensiert arbeidsgjevaravgift.
I fylke der full breibanddekning er nådd eller vert nådd på annan måte, kan midlane nyttast til annan infrastruktur, til dømes mobildekning eller næringstiltak etter avtale med KRD, seier statsråden.
- Nye 158 millionar kroner til full breibandsdekning (pressemelding 15.03.08).
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.