Historisk arkiv

Ålesundutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har saman med Justisdepartementet sett ned eit utval som skal gjennomgå den tragiske ulukka i Ålesund 26. mars 2008.

Kommunal- og regionaldepartementet har saman med Justisdepartementet sett ned eit utval som skal gjennomgå den tragiske ulukka i Ålesund 26.mars 2008.
- Det er viktig at erfaringane frå denne hendinga vert systematiserte og gjort kjende for andre slik at vi kan førebyggja at liknande ulukker skjer i framtida seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Redningsarbeidet har, etter forholda, gått bra. Naudetatane og kommunen har gjort ein kjempejobb. No er det viktig å få vite alt om årsaksforholdet, seier justisminister Knut Storberget

Det var 5 menneske som mista livet i ulukka i Ålesund. Det å kunne kjenna seg trygg i sin eigen bustad er grunnleggande for oss alle. Det er difor viktig å få klårlagt korleis denne tragiske ulukka kunne skje, og kva vi kan gjera for å minska risikoen for at liknande ulukker skjer på nytt.

Kommunal- og regionalministeren har i samråd med Justisministeren sett ned eit utval som skal gjennomgå ulukka i Ålesund og sjå på om det bør gjerast endringar i regelverket. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Ottar Befring, er beden om å leia utvalet. Dei andre medlemmene av utvalet er:
Lars Harald Blikra, forskar i Norges Geologiske Undersøkelse (NGU).
Marit Heggstad, avdelingsdirektør for Kommunal- og beredskap hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Gustav Pillgram Larsen, assisterande direktør i Statens bygningstekniske etat (BE).
Finn Mørch Andersen, seniorrådgjevar i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Utvalet skal starta arbeidet umiddelbart. Utvalet har fått frist til 17. november 2008 med å levera sin rapport.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.