Auka eigenkapital i Kommunalbanken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 143/2008 | Dato: 21.11.2008
Regjeringa gjer framlegg om å auka eigenkapitalen i Kommunalbanken med 300 millionar kroner. Dermed kan Kommunalbanken gje kommunane lån på 15-20 milliardar kroner meir i tida framover.
Regjeringa gjer framlegg om å auka eigenkapitalen i Kommunalbanken med 300 millionar kroner. Dermed kan Kommunalbanken gje kommunane lån på 15-20 milliardar kroner meir i tida framover.
- Den internasjonale finanskrisa har gjort det vanskeleg for bankane å låne inn pengar. Bankane har derfor mindre rom for utlån til kundar, inkludert norske kommunar. Både regjeringa og innbyggjarane har store forventningar til at kommunane skal auka og betra velferdstilbodet sitt. For å møte forventningane, treng kommunane tilgang på lån, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Med auka eigenkapital får Kommunalbanken høve til å auka utlåna til kommunane vesentleg.
- Regjeringa har foreslått ordningar i 2009-budsjettet som legg til rette for opprusting av skulebygg og kyrkjer og etablering av nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Då er det viktig at kommunane får høve til å nytta desse ordningane gjennom tilgang på lån, seier statsråden.
Kommunalbanken har på grunn av låg kjernekapitaldekking ikkje hatt høve til å dekkja etterspurnaden etter lån frå kommunane i den grad som har vore ønskjeleg. Auken i eigenkapital gjev rom for nye utlån frå Kommunalbanken på om lag 15-20 milliardar kroner.
Staten sin del av eigenkapitalauken er 240 millionar kroner. Regjeringa legg til grunn at KLP bidreg med 60 millionar kroner i tråd med deira eigardel i Kommunalbanken.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.