Historisk arkiv

Betre tilgang, enklare å røysta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Utvida opningstider og betre moglegheiter til å førehandsrøysta er mellom tiltaka regjeringa legg fram for å gjera det enklare for veljarane å nytta røysteretten sin.

Utvida opningstider og betre moglegheiter til å førehandsrøysta er mellom tiltaka regjeringa legg fram for å gjera det enklare for veljarane å nytta røysteretten sin.

Det er svært viktig at det er lett og enkelt for veljarane å røysta. Det er elles ein fare for at enkelte grupper av veljarar ikkje nyttar røysteretten sin. Eg håpar at kommunane no fylgjer opp dei moglegheitene som desse regelendringane opnar for, slik at veljarane får endå betre høve til å røysta, anten det er på førehand eller på valdagen, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I lokaldemokratimeldinga gjer regjeringa framlegg om fleire ulike tiltak for å gjera det enklare for veljarane å røysta:

  • Veljarar som ikkje kan røysta på førehand i den ordinære førehandsrøystingsperioden innanriks (frå 10. august), og heller ikkje på valdagen, skal få høve til å venda seg til kommunen for å røysta i perioden frå 1. juli fram til og med 9. august.
  • Vallokala skal kunna halda ope til kl. 21 på valdagen, ikkje berre til kl. 20 som i dag om ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det.
  • Det skal haldast val i kommunen også på sundag før valdagen, dersom minst ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det.

Departementet vil etter valet i 2009 vurdera om det bør innførast ei plikt til å leggja til rette for førehandsrøysting på vidaregåande skular og på høgare utdanningsinstitusjonar. Departementet vil òg sjå nærmare på spørsmålet om det skal vera faste stader for førehandsrøysting i kommunane.

- Kommunane sjølve avgjer kva for vallokale dei skal bruka. No peikar regjeringa på moglegheitene dei har. Vi skal følgja dette nøye og altså vurdera om vi må innføra plikt i slike saker etter neste val, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.