Historisk arkiv

Kåfjord kommune får ein million kroner til utvikling i Birtavarre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Kleppa bidrar med ein million kroner til eit utviklingsprogram i Birtavarre i Kåfjord kommune. Støtta blir gitt som ein del av Husbanken sitt stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader”.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Kleppa bidrar med ein million kroner til eit utviklingsprogram i Birtavarre i Kåfjord kommune. Støtta blir gitt som ein del av Husbanken sitt stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader”.

Programmet ”BLEST- Bolyst og engasjement i små byar og tettstader” vart starta opp i 2006 og skal gå over fire år. Seks prosjekt vart starta opp i 2006, tre signalprosjekt vart starta opp i 2007.  Sju nye prosjekt blir starta opp i 2008. Til saman 19 millionar kroner er løyvd til BLEST-arbeidet til no.

Eit prosjekt i Birtavarre i Kåfjord kommune er blant dei prosjekta som får støtte i 2008. Gjennom eit omfattande samarbeid med arkitektar har kommunen sett fokus på korleis ein skal byggja og utvikla identitet, heilskap i høve til naturen og kulturen på staden. Kåfjord kommune er også med i Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på kulturbasert næringsutvikling der ei eiga barne- og ungdomsgruppe, koordinert av Kåfjord kulturskule er blant tiltaka.

- Tanken bak BLEST er å visa fram stader der det finst eit lokalt engasjement bak gode prosjekt, og å understøtta desse. Eit viktig siktemål er å setja stadutvikling på dagsordenen, skaffa fram kunnskap og vera med på å spreia dei gode erfaringane slik at dei no kan nyttiggjerast av fleire, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionalministeren strekar under at dette initiativet ikkje er det eine store svaret på utfordringa med å utvikle meir attraktive bygder og småbyar, men at programmet er eit tillegg til arbeidet som alt blir gjort på feltet.