Kommunane har meir fokus på innbyggjarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 138/2008 | Dato: 29.10.2008
Kommunane opnar seg meir mot innbyggjarane. Det er meir bruk av folkemøte, brukarundersøkingar, og jamnlege møte med næringsliv og lokale interesser. Det viser ei ny kartlegging.
Kommunane opnar seg meir mot innbyggjarane. Det er meir bruk av folkemøte, brukarundersøkingar, og jamnlege møte med næringsliv og lokale interesser. Det viser ei ny kartlegging.
- Dette aukar engasjementet blant både folkevalde og innbyggjarar. Slik sikrar vi eit levande lokaldemokrati, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Kartlegginga som NIBR (Norsk institutt for by- og regionforskning) har gjort for Kommunal- og regionaldepartementet viser ei auka interesse for å opne kommunane for innbyggjarane. Same type undersøking blei gjennomført for fire år tilbake, og siste undersøking viser ei tydeleg forbetring.
Det er fleire kommunar som no har informasjonsmedarbeidar enn ved den førre undersøkinga. Internettet blir meir brukt både til å informere innbyggjarane og til å kommunisere med dei.
Det er overraskande mange kommunar som samarbeider på tvers av kommunale grenser gjennom bruk av vertskommuneordninga etter berre eitt år med ordninga. 241 kommunar rapporterer at dei har inngått vertskommunesamarbeid. Til dømes er det 103 kommunar som oppgjev at dei har inngått vertskommunesamarbeid innafor landbruk og 83 kommunar innafor barnevern. Vertskommuneordninga betyr at kommunar samarbeider om å utføre tenester ved at ein kommune utfører oppgåver også for innbyggjarane i andre kommunar.
- Eg er glad for at kommunane slik ser nye måtar å utnytte ressursane sine på. Interkommunalt samarbeid er ei god løysing både for store og små kommunar, seier Kleppa.
Resultata inngår i den såkalla organisasjonsdatabasen for kommunar og fylkeskommunar.
Rapporten frå kartlegginga finn du her. Data vert òg gjort tilgjengelege i ei eiga nettløysing som vert lansert i løpet av november.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.