Historisk arkiv

Pris til beste bygdebutikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa skal dele ut pris til den beste bygdebutikken i Noreg på konferansen "Små butikkar – spanande utfordringar" på Hotell Termininus i Bergen i 22. april.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa skal dele ut pris til den beste bygdebutikken i Noreg på konferansen "Små butikkar – spanande utfordringar" på Hotell Termininus i Bergen i 22. april.

Konferansen byrjar kl. 11.00. Forutan vinnaren av prisen vil det i salen vere samla over 60 av dei aller minste daglegvarebutikkane i Noreg.
 
- Ein fersk rapport frå Møreforsking syner at dei som driv med bygdeutvikling ikkje tek butikken si rolle som bygdeutviklar alvorleg. Det er fint at Merkur-programmet arrangerer ein slik konferanse og inviterer kommunar og bygdeutviklingsmiljø med på laget, slik at me saman kan skape levande bygder, seier kommunalminister Kleppa.

Mellom tema er: bygdebutikken og bygdeturisme, lokal mat, kraftfulle lokalsamfunnssatsingar, heile bygda byggjer butikk og glimt frå kvardagen i butikk.

Merkur-programmet er Kommunal- og regionaldepartementet sitt utviklingsprogram for bygdebutikken, og det er ein del av småsamfunnsatsinga.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker, tlf. 99 20 77 08.