122 bygdebutikkar har fått midlar til utvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 11.09.2009
I dag kan mange bygdebutikkar jubla. Heile 122 butikkar i like mange bygder får utviklingstilskot gjennom Merkur-programmet for å sikra betre lønsemd og oppretthalda eit viktig tenestetilbod i eit område med lågt folketal.
- Dette tilskotet er ei anerkjenning av kor viktig nærbutikken er for dei minste lokalsamfunna, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Målgruppa for dette tilskotet er dei butikkane som har særs mykje å seie for busetnaden og er naudsynte for at tenestetilbod vert oppretthalde i bygda. Løyvinga i 2009 er på 5 millionar kroner og gjeld for daglegvarebutikkar i utkanstrok med lang avstand til næraste innkjøpsalternativ og eit spinkelt kundegrunnlag. Merkur-programmet er ein viktig del av regjeringa sin distriktspolitikk.
Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for bygdebutikkar, og ligg under Kommunal- og regionaldepartementet.
- Dei 122 butikkane (pdf).
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.