16-åringar får røysta i 20 kommunar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.10.2009
20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre får delta i forsøket med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunestyrevalet i 2011.
20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre får delta i forsøket med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunestyrevalet i 2011.
- Heile 143 kommunar søkte om å få bli med på prosjektet. Interessa var overveldande. Skal vi behalda eit levande lokaldemokrati også i framtida, må vi ha ungdomen med oss. Eg vonar 16-åringar ved å kunna røysta ved lokalval, kjem fortare inn i ei rolle som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
I utveljinga er det lagt vekt på variasjon i storleik, geografi, sentralitet, politisk samansetning i kommunestyret og variasjon i alderssamansetninga.
– Saman med dette har vi lagt vekt på korleis kommunen i søknaden seier at dei vil trekkja ungdom med i politisk arbeid. Til saman vert dette eit forsøk som omfattar ulike typar kommunar i heile landet, seier Kleppa.
Desse kommunane vert med:
Marker | Østfold | |
Lørenskog | Akershus | |
Hamar | Hedmark | |
Vågå | Oppland | |
Sigdal | Buskerud | |
Re | Vestfold | |
Porsgrunn | Telemark | |
Grimstad | Aust-Agder | |
Mandal | Vest-Agder | |
Gjesdal | Rogaland | |
Stavanger | Rogaland | |
Austevoll | Hordaland | |
Luster | Sogn og Fjordane | |
Ålesund | Møre og Romsdal | |
Osen | Sør-Trøndelag | |
Namdalseid | Nord-Trøndelag | |
Tysfjord | Nordland | |
Kåfjord | Troms | |
Hammerfest | Finnmark | |
Kautokeino | Finnmark | |
Longyearbyen lokalstyre | Svalbard |
I tillegg vil Longyearbyen lokalstyre gjennomføra forsøk. Longyearbyen er ikkje ein kommune, og forsøket må såleis stadfestast i ein kongeleg resolusjon frå Justisdepartementet.
Forsøket vil verta grundig evaluert. Eit forskingsmiljø vil etter konkurranse bli vald ut til å følgja forsøket frå oppstarten i 2010. Våren 2010 vil det bli ei samling for mellom anna kommunane og forskarane. Dei 20 kommunane får i løpet av hausten meir informasjon om korleis forsøket vert lagt opp.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.