Statsbudsjettet 2010
26 millionar kroner til nærbutikkar i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Regjeringa vil styrkja nærbutikkane i distrikta, og foreslår å løyva 26 millionar kroner til dette arbeidet. 11 millionar kroner skal nyttast til det godt etablerte kompetanseprogrammet MERKUR. I tillegg kjem 15 millionar kroner til meir utviklingsstøtte og ei ny investeringsstøtteordning.

- MERKUR-programmet er eit godt verkemiddel for å heva kvaliteten, sikra viktige tilleggstenester i butikkane og auka lojaliteten til butikken i nærområdet, seier Kleppa.
Gjennom fleire år har Kommunal- og regionaldepartementet finansiert ei utviklingsstøtte til dei mest marginale nærbutikkane i distriktsområde. Støtta til nærbutikkane vert no styrkt ytterlegare med ei eiga investeringsstøtteordning. Slik skal det verta lettare for distriktsbutikkar i MERKUR-programmet å få til modernisering og utvikling i butikken.
- Mange daglegvarebutikkar er den siste, viktige møtestaden i mange bygder. Dei er viktige leverandørar av ulike offentlege tenester og tilbod som post og tipping. Det er derfor eit sentralt mål for regjeringa å støtta butikkdrivarane som serviceleverandørar og samfunnsentreprenørar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.