Statsbudsjettet 2010
2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Regjeringa har som mål at folk skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Regjeringa vil sikra likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk.
Regjeringa har som mål at folk skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Regjeringa vil sikra likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk.
- Regjeringa vil halda fram med å føra ein offensiv politikk for å utvikla kvalitetar, ressursar og moglegheiter i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Regjeringa styrkar den lokale og regionale vekstkrafta. 2,7 milliardane går til distrikta, det er ein auke på 122 millionar kroner. Fylkeskommunane forvaltar 2,2 milliardar kroner. Midlane skal styrka og vidareutvikla fylkeskommunen som regional utviklingsaktør, også dei fylka som ligg utanfor det distriktspolitisk verkeområdet.
- Distrikta treng skapande bedrifter med lønsame og innovative idear og attraktive lokalsamfunn, seier Kleppa. Derfor vil regjeringa i endå større grad enn tidlegare leggja til rette for verdiskaping, nye arbeidsplassar og lokal samfunnsutvikling over heile landet.
- 25 millionar kroner til ei ny satsing på bulyst. Programmet skal stimulera til nye møteplassar og vidareutvikla kunnskap om kva skal til for at folk trivst og vert buande.
- 30 millionar kroner til lokal samfunnsutvikling. Kommunane skal bli endå betre til å planleggja og gjennomføra utviklingsprosjekt. Departementet inviterer no fylkeskommunar og kommunar til å utvikla satsinga i fellesskap.
- 175 millionar kroner til kommunale næringsfond. Målet med fonda er å utvikla næringslivet i næringssvake kommunar. Fonda får ein auke på 30 millionar kroner, frå 145 millionar i 2009 til 175 millionar i 2010.
- 100 millionar kroner til ordninga NyVekst. Ordninga skal gi fleire og større vekstbedrifter i distrikta. Ordninga får ein auke på 30 millionar kroner, frå 70 millionar i 2009 til 100 millionar i 2010.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.