Historisk arkiv

450 000 kroner til "Cittaslow – det gode liv i Sokndal"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sokndal kommune får 450 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet til prosjektet Cittaslow, eit prosjektet som har skapt stort engasjement blant innbyggjarane kommunen. Det har mellom anna vore fokus på kvalitet, gravlegging av jantelova og samarbeid med andre lokalsamfunn i Noreg og utlandet. Prosjektet fekk 425 000 kroner i 2007.

 -Ein slik vilje til å satsa er avgjerande for å skapa attraktive stader utanfor dei største byane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Difor støttar departementet ”Cittaslow” med 450 000 kroner frå den nasjonal  småsamfunnssatsinga no i 2009.

Livskvalitet er det viktigaste føremålet for Cittaslow-rørsla. Det byggjer mellom anna på prinsippet om å ta vara på det unike ved staden, vektlegging av lokale mat- og handverkstradisjonar og ikkje minst gjestfridom og eit medvit om at heile kommunen skal involverast i å skapa eit godt liv i lokalsamfunnet.

- Sokndal har klart å bli synleg gjennom si satsing som ”Cittaslow”. Dei har gått nye vegar for å utvikla sitt lokalsamfunn og samtidig tatt tak i dei kvalitetane som alt finst på staden. Andre småsamfunn kan læra mykje av det som skjer i Sokndal, seier Kleppa.

Med midlane frå KRD skal Sokndal halda fram med å involvera lokalsamfunnet. Mellom anna skal dei ha kursing i god service og gjestfridom, sertifisering av verksemder, laga guide for Sokndal og arbeida meir med omdømmet sitt.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.