8 millionar kroner til Ungt Entreprenørskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 03/2009 | Dato: 19.01.2009
Kommunal- og regionaldepartementet har auka løyvinga til Ungt Entreprenørskap frå 6 millionar kroner i 2008 til 8 millionar kroner i 2009. - Arbeidet til Ungt Entreprenørskap er særs viktig for å styrke entreprenørskapskulturen over heile landet, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

- For mange elevar og studentar er undervisning i entreprenørskap ein inspirerande metode for læring. Den praktiske forma denne undervisninga har, gir elevane høve til å bruka kunnskapane og evnene sine på utradisjonelle måtar, seier kommunal- og regionalministeren.
Organisasjonen Ungt Entreprenørskap arbeider for å gje elevar og studentar kompetanse og erfaring i å etablera eigne bedrifter. Satsing på ungdom og entreprenørskap er sentralt for å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken om busetting og verdiskaping i heile landet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.