800 000 kroner til kultur- og næringssatsing i Seljord kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.03.2009
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 800 000 kroner til prosjektet "Seljord og sogene".
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 800 000 kroner til prosjektet "Seljord og sogene".
Prosjekteigar Seljord kommune skriv mellom anna i sin søknad: ”Prosjektet har som mål å byggje omdøme og attraksjonskraft og utvikle Seljord vidare til ein attraktiv stad å bu, vitja og driva næring i. Satsinga skal bidra til å få innflytting til kommunen og regionen og til å få tilreisande til å bli ein dag lengre.”
- Pilotprosjektet ”Seljord og sogene” er eit spennande prosjekt som tek utgangspunkt i Seljord sin identitet og sogemateriale. Dette er eit ledd i eit heilskapleg stadutviklingsprosjekt med bruk av kulturbasert næringsutvikling som verkemiddel. Eg er oppteken av omdømmebygging i kommune-Noreg. Seljord sin idé er nytenkjande og byggjer på lokale føresetnader. Difor er eg spent på lærdomen frå dette prosjektet, og om den kan brukast også i andre kommunar, seier Kleppa.
- Ved å satsa på omdømmebygging, kan dette bidra til å gje identitet og attraktivitet til ein stad. Kultur og opplevingar betyr mykje for folk, uansett kvar i landet ein bur. Eg har store forventningar til dette pilotprosjektet, seier Kleppa.
Pilotprosjektet inngår i ei større nasjonal satsing. Kommunal- og regionaldepartementet har satt kulturbasert stadutvikling på dagsorden som ein naturleg del av ein heilskapleg distrikts- og regionalpolitikk.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.