Statsbudsjettet 2010
Auka skatteinntekter til kommunane i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med 1,2 milliardar kroner i 2009.
Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med 1,2 milliardar kroner i 2009.
- Dette er ei gledeleg melding til kommunane. Desse pengane kan kommunane bruka til å konsolidera den økonomiske situasjonen eller til investeringar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
På bakgrunn av ny informasjon om skatteinngangen er anslaget for kommunesektoren sine skatteinntekter i 2009 auka med om lag 1,2 milliardar kroner, fordelt med om lag 950 millionar kroner til kommunane og om lag 250 millionar kroner til fylkeskommunane.
Den reelle veksten i kommunesektoren sine samla inntekter frå 2008 til 2009 vert på grunnlag av nytt skatteanslag og auka utbetaling til ressurskrevjande tenester rekna til 11,4 milliardar kroner. Veksten i dei frie inntektene vert no rekna til 6,1 milliardar kroner.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.