Det skal bli enklare å røysta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 30.01.2009
Vallokaler med lengre opningstider, høve til fleire to-dagars-val og høve til å røysta ekstra tidleg, er blant tiltaka regjeringa no føreslår. – Eg vonar betre tilgjenge gjer at fleire brukar røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Vallokaler med lengre opningstider, høve til fleire to-dagars-val og høve til å røysta ekstra tidleg, er blant tiltaka regjeringa no føreslår. – Eg vonar betre tilgjenge gjer at fleire brukar røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Ho legg i dag fram forslag til endringar i vallova og kommunelova som vil gjelda ved stortingsvalet 14. september i år om Stortinget sluttar seg til forslaga.
Det kan bli mogleg å røysta allereie 1. juli gjennom ei ny ordning som er meint som eit tilbod til veljarar som verken har høve til ”vanleg” førehandsrøysting eller å røysta på valdagen.
– Dette kan gjelda til dømes fiskarar eller folk som dreg utanlands for lengre opphald. Eg vil at dei òg skal ha høve til å nytta dei demokratiske rettane sine, seier Kleppa.
Det er ikkje meininga at kommunane skal leggja til rette for ordinær førehandsrøysting i alle vallokala alt frå 1. juli. Ordinær førehandsrøysting skal vera mogleg frå 10. august.
Departementet føreslår òg at opningstida på valdagen kan utvidast. Kommunar som ønskjer det, kan halda ope til klokka 21. Det vert dessutan føreslått ei ordning der eit mindretal på 1/3 av kommunestyret kan krevja todagars val og utvida opningstid på valdagen.
– Eg er oppteken av at alle veljarar skal ha god tilgang til vallokala. Dei nye forslaga legg godt til rette for at kommunane kan sikra dette, seier Kleppa.
Departementet føreslår vidare å innføra heimel for valobservasjon. Etter forslaget vert kommunane forplikta til å ta i mot internasjonale og nasjonale valobservatørar i samband med gjennomføring av val.
– Med ein slik heimel på plass ligg forholda til rette for at regjeringa alt ved stortingsvalet til hausten kan invitera OSSE til valobservasjon, seier statsråd Kleppa.
Det vert òg føreslått å innføra sanksjonar ved brot på forbodet mot å offentleggjere valresultat og prognosar som er laga på grunnlag av undersøkingar gjort på valdagen, før vallokala stengjer klokka 21 på valdagen.
Forutan endringane i vallova, vert det i kommunelova føreslått å lovfesta prinsippet om at kommunane kan halda lokale rådgjevande folkerøystingar.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.