ErgoGroup skal utvikle e-valløysinga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.12.2009
ErgoGroup er i dag innstilt som leverandør og utviklar av eit sentralt valadministrativt datasystem med ei løysning for elektronisk røystegjeving. Kontraktsigneringa vil finne stad 15. desember
ErgoGroup er i dag innstilt som leverandør og utviklar av eit sentralt valadministrativt datasystem med ei løysning for elektronisk røystegjeving. Kontraktsigneringa vil finne stad 15. desember.
Systemet skal nyttast ved forsøket med elektronisk røystegjeving som utvalde kommunar skal vere med i ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011.
Kommunal- og regionaldepartementet har sidan februar i år gjennomført ein innkjøpsprosess der konkurranseprega dialog var konkurranseprosedyren. Etter ei grundig evaluering av tilboda frå tre leverandørar, vart tilbodet frå ErgoGroup, med spanske Scytl som underleverandør, vurdert som det beste. ErgoGroup er beste tilbydar både på kostnadar og foreslått løysing, og tilnærma like god som beste tilbydar på kompetanse og implementeringsmetode.
Kontrakten med ErgoGroup vil ha ein verdi på om lag 30 millionar kroner med opsjonar på 30 millionar kroner til.
Kildekoden i e-valløysinga vil være open og fritt tilgjengeleg for alle. Dette er viktig for å ivareta innsynet og openheita i valprosessen. Den openheita e-val 2011-prosjektet legg til rette for har vakt internasjonal oppsikt, mellom anna på ein nyleg gjennomført workshop i Europarådet.
- Ei ny elektronisk valløysning skal bidra til å oppretthalde tilliten som veljarane har til valgjennomføringa og ivareta prinsippet om hemmeleg val, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Erfaringane frå forsøket i 2011 skal gje Stortinget eit godt grunnlag til å vurdere om alle veljarar etter kvart skal få høve til å røyste elektronisk.
- E-valsystemet må være sikkert og trygt, men også framtidsretta og moderne. Vi sette i gang e-val 2011-prosjektet for å oppfylle forventningane som nye generasjonar veljarar har til elektroniske løysingar, og for å bidra til betre tilgjenge for veljargrupper som funksjonshemma og nordmenn i utlandet, seier Navarsete.
Kva for kommunar som får vere med på prosjektet, vert avgjort før jul.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.