Historisk arkiv

Fleire distriktskommunar med vekst i folketalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

73 fleire distriktskommunar hadde vekst i folketalet i 2008 samanlikna med 2006. Dette syner nye tal frå SSB. Flyttinga frå utkantane er redusert.

73 fleire distriktskommunar hadde vekst i folketalet i 2008 samanlikna med 2006. Dette syner nye tal frå SSB. Flyttinga frå utkantane er redusert.

- Det er svært gledeleg at fleire distriktskommunar har fått nye innbyggjarar i 2008, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I 2008 hadde 155 av 306 kommunar i det distriktspolitiske verkeområdet ei vekst i folketalet. Dette er nær ei dobling sidan 2006, då berre 82 kommunar hadde vekst.

Ikkje sidan 1983 har så mange distriktskommunar fått fleire innbyggjarar. Det er særleg auka innvandring til heile landet som er avgjerande, men sidan 2006 er også dei innanlandske flyttestraumane i sentraliserande retning redusert.

Sjølv om trendane no er positive mange stader i landet, er det framleis trong for ein langsiktig og kraftfull innsats frå regjeringa for at folk skal ha ein reell fridom til å velja kor dei ønskjer å bu.

Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod, har betydd enormt mykje. Men framleis er utfordringane så store at regjeringa vil halda fram med ein sterk og målretta innsats innanfor distrikts- og regionalpolitikken, avslutar Kleppa.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.