Historisk arkiv

Kommunane si rolle som samfunnsutviklar skal styrkast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I stortingsmeldinga om Livskraft og framtidstru varslar regjeringa ei satsing for å styrkja arbeidet i kommunane med lokal samfunnsutvikling. Satsinga vil vera særleg viktig for små kommunar, byar og regionale sentra med svak utvikling i folketal og sysselsetting, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I stortingsmeldinga om Livskraft og framtidstru varslar regjeringa ei satsing for å styrkja arbeidet i kommunane med lokal samfunnsutvikling. Satsinga vil vera særleg viktig for små kommunar, byar og regionale sentra med svak utvikling i folketal og sysselsetting, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
   
Lokalsamfunn og kommunar må vera attraktive for at fok skal ønskja å slå seg til der. Dei må ha arbeidsplassar, gode tenester, fritidstilbod og attraktive bustad- og sentrumsmiljø. Fleire undersøkingar syner at mange kommunar har utfordringar med kapasitet og kompetanse når det gjeld å vera sterke lokale utviklingsaktørar. Dette gjer kommunane meir sårbare for framtida.

- For å nå målet om reell fridom til busetjing ønskjer vi å gjera kommunane til betre ”oppmenn” for lokal mobilisering og gjennomføring av utviklingstiltak, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Denne satsinga vil bli sett i samanheng med eit arbeid i fylkeskommunane for å få etablert ei førsteline for småskala næringsutvikling i kommunane. Løyvingane til kommunale næringsfond er auka dei siste åra. Det er viktig at det finst eit lågterskeltilbod for unge entreprenørar og eldsjeler der dei kan få råd og støtte. Det kan handla om eit første kontaktpunkt, rettleiing og finansiering i ein tidleg fase eller formidling av kontakt til lokale nettverk, kompetansemiljø og Innovasjon Noreg i fylka.

Satsinga må også sjåast i samanheng med auka behov for samarbeid mellom kommunar på fleire område. Dette er særleg viktig for mindre kommunar når det gjeld tilgang på kompetanse, men også når det gjeld omdømearbeid og tilflyttingsprosjekt.

- Innhaldet i satsinga skal konkretiserast i 2009. Fylkeskommunane er tiltenkt ei sentral rolle i arbeidet. Satsinga har også som delmål å styrkja samarbeidet regionalt om støtte til lokalt samfunnsutviklingsarbeid, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00