Krev styrkt kontroll i kommunane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.12.2009
Kommunalminister Liv Signe Navarsete fekk i dag forslag til 85 måtar å styrkje eigenkontrollen i kommunane på.
Kommunalminister Liv Signe Navarsete fekk i dag forslag til 85 måtar å styrkje eigenkontrollen i kommunane på.
- Arbeidsgruppa har gjort ein grundig jobb. Eg vil vurdere å stramme inn lover og forskrifter. Dei fleste tilrådingane går på arbeidet i den einskilde kommune og fylkeskommune. Kommunane kan starte diskusjonane lokalt og setje i verk tiltak med det same, seier Navarsete.
Kommunalministeren fekk overlevert ein rapport om kontrollen internt i norske kommunar frå ei arbeidsgruppe departementet har sett ned. Rapporten peiker ut 85 måtar å styrkje eigenkontrollen på. Rapporten vil no bli sendt til alle kommunane i landet.
Departementet vil gå grundig gjennom rapporten før det blir konkludert med korleis dei mange tilrådingane skal følgjast opp.
Leiaren av arbeidsgruppa, ordførar i Steinkjer Bjørn Arild Gram, legg vekt på at hovudtilrådinga til arbeidsgruppa er å styrkje internkontrollen til administrasjonssjefen.
- Arbeidsgruppa er urolig for om kontrollsystema i kommunane er tilpassa utviklinga og utfordringane i kommunane. Administrasjonen i kommunane må setje av ressursar til å gjennomføre enkle, naudsynte kontrollar, seier Bjørn Arild Gram.
Nordlandsforsking har funne at forvaltningsrevisjon er blitt ein veletablert kontrollform, medan selskapskontroll blir nytta i mindre grad.
- Eg blir bekymra når det ser ut til at kommunane ikkje driv selskapskontroll av særleg omfang. Kommunane opprettar stadig fleire eigne selskap til å ta seg av viktige oppgåver. Meir kontroll av desse selskapa er på sin plass. Eg vil følgje utviklinga tett, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
- 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane
- Forvaltningsrevisjon og selskapskontroll som verktøy i egenkontrollen i norske kommuner og fylkeskommuner. Nordlandsforsking
- Internkontroll i kommuner. Rapporten er utarbeidet av PriceWaterhouseCoopers
- Kartlegging av lover og forskrifter om internkontroll i kommunar og fylkeskommunar.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete mottar rapporten av arbeidsgruppa sin leder, Bjørn Arild Gram. Foto: KRD/Agnar Kaarbø
Høyoppløselig versjon av foto.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.