Ny NOVA-rapport: Eit nyansert blikk på bustadsosiale verkemiddel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 27.02.2009
Ny NOVA-rapport viser at dei bustadsosiale verkemidla, i større grad enn tidlegare rekna med, verkar slik dei skal.
Ny NOVA-rapport viser at dei bustadsosiale verkemidla, i større grad enn tidlegare rekna med, verkar slik dei skal.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa fekk i dag overlevert ein ny rapport som ser nærare på bruken av dei bustadsosiale verkemidla. Tidlegare rapportar frå Riksrevisjonen (Dok.nr.3:8) og NIBR (Rapport 2008:13) har påpeika at dei bustadsosiale ordningane som blir forvalta i kommunane, ikkje blir brukte i samspel med kvarandre slik at færre blir hjelpte av ordningane. NOVA finn no at det er samspel mellom ordningane startlån og bustøtte, særleg når vi ser på bruk av ordningane over tid.
- Det er særs positivt at bustøtta blir brukt slik at flest mogleg kan bli buande i heimane sine, også i tider med vanskelege økonomiske forhold. Eg er særs glad for at tala NOVA legg fram gir eit meir nyansert bilete av kommunane si forvalting av dei bustadsosiale verkemidla. Det er viktig at det blir lagt til rette for at dei som kjøper eigen bustad ved hjelp av startlån, også kan halde fram med å eiga han om deira økonomiske situasjon blir dårlegare. Vi skal også framover arbeida for at ordningane våre skal bli betre. Ny bustøtteordning vil medverka til endå betre samspel mellom ordningane, samstundes som fleire vil få hjelp.
NOVA-rapporten syner at bustøtta i samspel med startlån har positiv verknad på fleire måtar når det gjeld å eiga bustad. Opplever eit hushald svikt i inntektene, kan bustøtta fungere som eit sikringsnett. Det at bustøtta finnest kan også gjere bustadkjøp mogleg, fordi det er tryggleik i å vita at ordninga er der om den økonomiske situasjonen skulle bli endra. Det ser også ut til at kommunane jobbar aktivt for at dei som allereie får bustøtte i leigd bustad, kan få startlån for å koma over i eigd bustad når deira økonomiske situasjon tillet det.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.