Nye 83 millionar kroner til full breibandsdekning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 26.03.2009
Regjeringa gir 83 millionar kroner til fylkeskommunane for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg. Samtidig startar regjeringa arbeidet med å vurdera kor breitt breiband norske husstandar skal ha tilbod om i framtida.
Regjeringa gir 83 millionar kroner til fylkeskommunane for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg. Samtidig startar regjeringa arbeidet med å vurdera kor breitt breiband norske husstandar skal ha tilbod om i framtida. Regjeringa vil leggja fram dei nye måla i løpet av sommaren.
- Regjeringa sitt mål er at folk skal kunne busetja seg der dei sjølve ønskjer. Skal vi nå dette målet, må folk ha lik tilgang til breiband. Utbygging av breiband er ein viktig del av distriktsløftet. Regjeringa har satsa på å stimulera til utbygging, særleg i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggja ut, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- I fylke der full breibanddekning er nådd eller vert nådd på annan måte, kan midlane og i 2009 nyttast til annan infrastruktur, til dømes mobildekning eller næringstiltak etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet, seier statsråd Kleppa.
- Regjeringa sluttfører no arbeidet med å gi eit breibandstilbod til alle. Eit estimat syner at 99,8 prosent av folket hadde tilgang til fast eller mobilt breiband ved utgangen av 2008. Likevel veit vi at det er store geografiske skilnader i tilgang på bandbredde.Difor startar vi arbeidet med å definera mål for tilgang til breiare breiband. Breiband gir grunnlag for auka innovasjon, verdiskaping og produktivitet, og er viktig for berekraftig vekst, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil no setja ned ei arbeidsgruppe saman med Kommunal- og regionaldepartementet og andre aktuelle departement. Arbeidsgruppa skal foreslå nye mål for tilbod om breiband og vurdera korleis desse måla kan realiserast. Eksterne aktørar skal også trekkjast inn i arbeidet. Dei nye måla blir lagt frem i løpet av sommaren.
Regjeringa har sidan 2006 løyvd meir enn 750 millionar kroner til breibandsformål. Om vi legg til grunn at andre aktørar har investert det same, vil det seia at det er investert om lag 1,5 milliardar kroner til breiband i denne regjeringsperioden.
I 2009 er det løyvd 631 millionar kroner til fylkeskommunane til nye tiltak innanfor regional utvikling. Midlane fordeler seg med 548,6 millionar kroner som kompensasjon til kommunar som har fått auka arbeidsgjevaravgift og 83 millionar kroner til å halda fram satsinga på breibandsutbygging og anna infrastruktur, og næringstiltak i område der breiband er fullt utbygd.
Fordelinga i millionar kroner er som fylgjer:
Østfold | 0,3 |
Hedmark | 4,4 |
Oppland | 4,5 |
Buskerud | 1,7 |
Telemark | 3,8 |
Aust-Agder | 1,5 |
Vest-Agder | 1,8 |
Rogaland | 1,6 |
Hordaland | 4,5 |
Sogn og Fjordane | 5,4 |
Møre og Romsdal | 7,6 |
Sør-Trøndelag | 4,8 |
Nord-Trøndelag | 6,1 |
Nordland | 16,8 |
Troms | 10,6 |
Finnmark | 7,4 |
I alt | 83,0 |
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet sin pressetelefon: 930 47 515.
(Teksten er endret 5. juni 2009.)