Nytt kunnskapsprogram for auka bulyst
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 17.04.2009
Regjeringa varslar i stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru eit kunnskapsprogram for å auka bulysta i lokalsamfunn med svak utvikling i folketalet.
Regjeringa varslar i stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru eit kunnskapsprogram for å auka bulysta i lokalsamfunn med svak utvikling i folketalet.
- Ei undersøking av motiv for flytting og busetjing syner at attraktive lokalsamfunn vert stadig viktigare for busetjinga, i tillegg til arbeid og bustad, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Småsamfunnssatsinga, kultur- og næring, BLEST (Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader) og profilerings- og omdømmearbeid er eksempel på prosjekt som har gitt oss nyttig erfaring. Dette er likevel ikkje nok.
- Eg ønskjer at langt fleire lokalsamfunn i Noreg skal bli oppfatta som attraktive stader å slå seg til på. Då treng vi meir kunnskap både nasjonalt og lokalt om tiltak som aukar bulysta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Klappa.
Iveland med om lag 1200 innbyggjarar, er eit døme på pilotprosjekt under Husbanken sitt program for stadutvikling, BLEST. Iveland har lagt stor vekt på brukarmedverknad for å finna ut kva folk ønskjer å få ut av tettstaden Birketveit. Iveland kommune har snudd ei negativ folketalsutvikling til plusstal.
Innvandrarar utgjer eit potensial for busetjing i mindre kommunar. Dei utgjer om lag to tredjedelar av auken i folketalet i Noreg i dag, men buset seg mest i storbyområda. Skal dette mønsteret påverkast, krevst det lokal innsats. Utfordringa for lokalsamfunna er å vera opne og inkluderande slik at fleire buset seg fast.
Både ungdom og innvandrarar skal viast spesiell merksemd i Bulyst-programmet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.