Historisk arkiv

Skjerping av byggjereglane – forskrifter på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Byggjefeil gjev store kostnader for samfunnet og for den einskilde. No blir det skjerping av reglane, meir uavhengig kontroll og meir tilsyn frå kommunane som og får moglegheit for sanksjonar viss nokon bryt reglane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Byggjefeil gjev store kostnader for samfunnet og for den einskilde. No blir det skjerping av reglane, meir uavhengig kontroll og meir tilsyn frå kommunane som og får moglegheit for sanksjonar viss nokon bryt reglane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Forslaget til endringar i byggjeforskriftene til plan- og bygningslova er sende på høyring i dag. Høyringsfristen er 01.10.2009, og forskriftene skal gjelda frå 01.01.2010.

Statsråden påpeikar at dei nye byggjeforskriftene skal gje betre kvalitet på bygga og medverka til at folk kan kjenna seg trygge når dei kjøper eller byggjer bustad.

Nokre viktige punkt i forskriftene:

Uavhengig kontroll
Reglane om kontroll vert skjerpa. Uavhengige føretak med sentral godkjenning skal kontrollera viktige og kritiske område både i prosjekteringa og utføringa av bygginga.

Meir tilsyn
Kommunane sitt tilsyn i byggjesaker skal styrkast. Det skal førast tilsyn i eit omfang som gjer at ein kan avdekka brot på reglane.

Ferdigattest
Forbrukarane får styrka rettar når dei byggjer/kjøper ny bustad. Eigar skal no få skriftleg dokumentasjon på kva bygget er laga av, kva det toler og at det er sett opp i samsvar med  lover og forskrifter.

Overtredelsesgebyr
Kommunane får eit nytt sanksjonsmiddel som kan nyttast overfor dei som ikkje følgjer gjeldande lovar og reglar. Kommunane kan påleggja overtredelsesgebyr på opp til 400.000 kroner.

Universell utforming
Personar med nedsett funksjonsevne skal ikkje stengast ute frå å delta i samfunnet på line med alle andre. Difor blir det strengare krav til utforming av bustader, bygningar, parkar og uteområde.

Radon
Radon inneber eit alvorleg helseproblem i mange bustader.  Krava til sikring mot radon vert stramma inn slik at ingen bustadrom skal utsettjast for innsig av radon.