Juryen si grunngjeving
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Stord er Årets nynorskkommune 2009
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Stord kommune fyller kriteria for prisen på ein god måte. I tillegg freistar kommunen på ein målretta måte å oppmuntra næringslivet i kommunen til å bruka nynorsk i reklame og administrasjon, mellom anna ved å dela ut ein årviss målpris. Kommunen er drivkrafta bak Falturiltu-festivalen – ein nynorsk barne- og ungdomsfestival som vert arrangert kvar haust. Litt av tanken bak denne festivalen er å utdanna og inspirera lærarar og bibliotekarar frå heile landet til å ta i bruk og vidareformidla nynorsk barne- og ungdomslitteratur.
Kommunen har eit samarbeid med det lokale mållaget om nynorskkurs for førskulelærarar, og kommunen arrangerer jamnleg språkkurs for andre tilsette i kommunen.
Stord kommune brukar og medvite nynorsk i si omdømmebygging.
I si vurdering av dei ulike kandidatane har juryen lagt vekt på følgjande:
- Kommunal informasjon/heimeside
- Kommunale planar og målbruksplanar
- Om kommunen er under press når det gjeld bruk av nynorsk
- Om kommunen brukar nynorsk aktivt i eige kulturarbeid og i støtte til kulturarbeid
- Aktiv bruk av nynorsk i barnehagar og skular og arbeid for barn og unge generelt
- Om kommunen har tiltak for kvalitetssikring av det materiale som blir produsert
- Bruk av nynorsk i omdømmearbeid