Utgreiing om kostnader forbundne med sentralisering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.02.2009
”Sentraliseringens pris”, ei utgreiing som har sett på kostnader og verknader av sentralisering, blei tysdag overrekt kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
”Sentraliseringens pris”, ei utgreiing som har sett på kostnader og verknader av sentralisering, blei tysdag overrekt kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Regjeringa har som overordna mål at folk reelt skal kunna velja kor dei vil bu.
- Rapporten slår fast at det er kostnader forbundne med sentralisering, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Dei offentlege utgiftene aukar, og dei aukar meir di høgare tempoet i sentraliseringa er. Rapporten viser også at sentraliseringa tiltar i tider med høgkonjunktur.
Rapporten skal nyttast i arbeidet med ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken, ei melding som Regjeringa skal leggja fram for Stortinget i løpet av våren.
- Rapporten er ei påminning om at det å leggja til rette for kompetansearbeidsplassar utanom dei mest sentrale områda i landet vårt , er viktig. Det finst mange som ynskjer å nytta kompetansen sin i område utanfor det sentrale Austlandsområdet, seier Kleppa.
Ho minner om at då Kommunal- og regionaldepartementet i haust etablerte Distriktssenteret på tre stader, kunne dei velja mellom fleire enn 200 søkjarar til 17 stillingar.
- Eg meiner den nye samhandlingsreforma vil innebera svære nye sjansar for kompetansearbeidsplassar innan helse, seier Kleppa. Ho understrekar også behovet for fokus på attraktivitet i distriktspolitikken.
- Folk etterspør ikkje berre arbeid. Tenestetilbod, kultur og fritid , møteplassar og også høve til å veksla mellom ulike arbeidsgjevarar er noko vi tek med oss inn i meldingsarbeidet, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
- Rapport: Sentraliseringens pris
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.