Historisk arkiv

Utleigebustader: Fleire kan få ein heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

– I 2009 har Regjeringa tredobla satsinga på utleigebustader til vanskelegstilte, fortel kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– I 2009 har Regjeringa tredobla satsinga på utleigebustader til vanskelegstilte, fortel kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Fredag 24. april inviterte Kleppa Storbynettverket i KS til møte om korleis staten og kommunane kan gjera ein felles innsats for dei som slit på bustadmarknaden.

Storbynettverket til KS omfattar Bergen, Bærum, Kristiansand, Oslo, Stavanger, Tromsø, Trondheim og KS. På eit møte i november i fjor, oppmoda dei statsråden til å auka tilskotsrammene  til utleigebustader.

I 2009 kan Husbanken gi tilskot til 3000 utleigebustader. Det er meir enn tre gonger så mange som i 2008. Husbanken har førebels fått inn søknader til om lag 800 utleigebustader. Dermed er det moglegheit for 2.200 fleire utleigebustader i 2009.

I tillegg kjem eit nytt regelverk for bustønad frå 1. juli i år. Det vil etterkvart gjera at 50.000 fleire låglønte husstandar kan få hjelp til å handsama buutgiftene sine.

- Sjølv om dei fleste har ein trygg busituasjon, gjeld ikkje det for alle. Difor er det ei utfordring å sørgja for at vi har eit hjelpeapparat som stiller opp, seier Kleppa

Det er kommunane som har hovudansvaret for å hjelpa dei som kjem i ein vanskeleg situasjon. Nokre kommunar har større utfordringar enn andre, til dømes gjeld det storbykommunane.

- Storbykommunane syner både vilje og kompetanse. Difor har eg tru på at vi saman kan gjera vårt til at fleire får ein god heim, fortel Kleppa. Ho oppmodar kommunane til å vurdere behova og søkja på midlar frå Husbanken til å etablera fleire utleigebustader.


Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.