Utsira og Røvær får ein million til lokalsamfunnsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.05.2009
Utsira kommune og øya Røvær i Haugesund får saman 1 million kroner i støtte av Kommunal- og regionaldepartementet til samarbeid om utviklingsprosjekt i dei to øysamfunna i Rogaland i 2009.
Utsira kommune og øya Røvær i Haugesund får saman 1 million kroner i støtte av Kommunal- og regionaldepartementet til samarbeid om utviklingsprosjekt i dei to øysamfunna i Rogaland i 2009. Dermed har prosjektet fått i alt 3 millionar kroner i støtte frå den nasjonale småsamfunnssatsinga.
- Både Utsira og øya Røvær i Haugesund har store utfordringar i høve til busetting, men på begge stader finst kraft og vilje til å møta desse utfordringane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
I 2007 fekk dei to øysamfunna til saman 1 million kroner i støtte frå den nasjonale småsamfunnssatsinga. Det vart då gitt lovnad om å følgja opp løyvinga med same beløp i 2008 og 2009 dersom prosjekta held førespegla framdrift og kvalitet. Kommunal- og regionaldepartementet følgjer no opp lovnaden. Departementet har valt å sjå støtta til dei to øyane i samanheng for å stimulere til eit samarbeid.
Utvikling av turistnæringa og eit breitt skulekonsept er viktige element i prosjektet som Utsira kommune får støtte til. Røvær arbeider med å utvikla kystkulturen som reiselivsprodukt og å leggja til rette for barnefamiliar. Fleire barnefamiliar har alt busett seg på Røvær. Reiselivskonseptet øyhopping mellom øyane i regionen som no vert utvikla, er også eitt av dei mange resultata. No vert det arbeidd med å utvikla livskvalitet, arbeidsplassar, marknadsføring og folkevekst på begge stadene.
- Det finst god lokal utviklingskraft både på Røvær og på Utsira. Eg er glad for å konstatera at øysamfunna har gjort seg fortent til støtte også i 2009, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.
Både ordførar Jarle Nilsen på Utsira (t.v.) og Haugesunds-ordførar Petter Steen er godt fornøgde med at kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa onsdag 6. mai ga ein million kroner meir til småsamfunnsprosjektet på Utsira og Røvær. (Foto: Kjersti Bjørgo/KRD) [Høyoppløselig versjon av bildet - kan benyttes fritt]