Historisk arkiv

Vi satsar i Lom!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Lom har ambisiøse mål. Med utgangspunkt i dei unike ressursane i Lom skal ein få til auka busetjing, trivsel og meir næringsutvikling. Vi vil gjerne vera med på laget i denne spanande prosessen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Lom kommune har i fleire år vore med i Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på småsamfunn. Kommunen har fokusert sterkt på lokalt utviklingsarbeid, basert på dei unike natur- og kulturverdiane kommunen har. Kommunal- og regionaldepartementet vidarefører satsinga, og gjev to millionar kroner no i 2009. Dermed har departementet fullført den statlege medfinansieringa i utviklingsarbeidet i Lom.

Lom kommune har saman med dei andre nasjonalparklandsbyane i Noreg også fått midlar frå det nye verdiskapingsprogrammet for naturarven. Det inneber at det er mykje som skal skje i Lom i tida framover.

I mange distriktskommunar er ei auka interesse for å bruka natur- og kulturverdiar i lokal verdiskaping. Interessa for det som skjer i Lom er derfor stor.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.